Sjekk Tysnesbladet!

Tysnesbladet har nettopp skrive ein kort artikkel om vår planlagte padletur rundt Tysnes!
Dette er ein tur på 75-80 kilometer, alt etter hvilke holmer vi må rundt. VI starter fredag ettermiddag og er forhåpentlegvis rundt øya søndag ettermiddag. Er du lokalkjent så skal vi starte i båthavna i Tveitvika langs Hovlandsstrando.
Det kalde vinterværet med ned mot -15 grader har gitt tapt, men vi er fortsatt usikre på om isen som ligg i sund og bukter vil tine opp til helga.
Vi skal telte, kanskje blir det telting på is 🙂 Det er sjeldent her ved kysten på Vestlandet!
Du kan følge ogg på turen via våre korte livesendinger undervegs. Det gjer du inne på Facebooksidene til ReigstadUnlimited!

https://www.facebook.com/ReigstadUnlimited/

TYSNES RUNDT i kajakk 19-21. februar 2021!

Oi som vi gleder oss!
Dette er årets vintertur i kajakk! Uten tvil!
Vi er ti glade padlere som skal padle dei ca 75 km rundt Tysnes frå fredag 19. februar til søndag ettermidag 21. februar.

Etter dei vekene vi har hatt med skikkelig kaldt vintervær her ved kysten, faktisk ned mot 15 minus i Godøysund nord på Tysnes, så vert det telting på snø! Ikkje akkurat det vi tenkte på da vi bestemte oss for dato i desember 🙂 Men så kjekt og stiligt det blir med vår eigen teltleir med 10 telt

Vi starter frå området ved Årbakka fredag, padler nordover slik at vi kjenner nøyaktig tidevannssyklus og har dagslys når vi skal gjennom det straumfulle Lukksundet. Første natt blir i Godøysundområdet.
Lørdag blir ein lang dag da over 30 km skal tilbakeleggast inkludert kulturstopp, kryssing av skipsleia ved Våge, markering i det vi runder Tysnes sitt nordlegaste punkt, nytelse gjennom Bårdsundet og forhåpentlegvis ikkje motvind i Langenuen ned mpt Neshamn.
Teltleir nummer to bli i Neshamn. Her venter mat, bål, boller og hygge inntil vi sovner i soveposene 🙂
Søndag går turen videre mot det sørlegaste punktet på Tysnes, kryssing av ei ny fergestrekning, før vi entrar flotte Flakkavågen og etterkvart kan starte på siste del av dagens drøye 27 km, nemleg sjarmøretappen mot startpunktet ved Årbakkaområdet.
Vi regner med det blir både endorfiner og adrenalin i blodet, pluss ein del jubel og sjølvskryt når vi kjem i land søndag ca kl 17 🙂

Du kan følge oss undervegs på Facebooksida ReigstadUnlimited, samt sjå bilder der, og på Instagramsidene til ReigstadUnlimited. Og om du vil heie på oss undervegs så er det berre å møte opp, det vil vi sette umåteleg pris på <3
I tillegg vil avisa Tysnesbladet følge turen, og der kan du lese om våre tankar om turen nokre veker før vi padla ut, og korleis det faktisk vart å gjere Tysnes Rundt til ein skikkeleg vintertur i kajakk!

Vi som arrangerer er daglig leder og sertifisert padleinstruktør Laila Reigstad i friluftsforetaket ReigstadUnlimited med base på Misje i Øygarden, og med hytte i Godøysund, samt Wenche Strømme som via foretaket Erleholmen Fauna driv skjærgårdsleirer fra si hytte på Erleholmen ved Solstråleøya på Tysnes. og er aktiv i turlaget. Sistnevnte har også rodd Tysnes Rundt i robåt!


Vi gleder oss til å padle langt og kaldt!

Her kan du sjå nokre vinterbilder fra første veka i februar, då vi testpadla straumen i Lukksundet. Tysnes leverer til lands og til vanns, sommar som vinter!

Lukksundet sett frå nord mot sør. Her har du Tysnes til høgre og Fusa/Samnanger til venstre.
Rein magi å palde i vinterkledde Tysnes! Her Sundavika nord for Lukksundet.
Her snakker vi vinterpadling 🙂
Turlederne for Tysnes Rundt i kajakk, Laila Reigstad (venstre) og Wenche Strømme!

Padlevotter, luer og refleksvester!

Min grunnleggande ide med foretaket ReigstadUnlimited var å formidle det trygge og gode friluftsliv gjennom kajakkpadling. Eg er no inne i det 6. året og stortrives med det! Virkelig! Eg ønsker å formidle heller enn å drive butikk, men sjå her da: Her er FIRE artige saker du kan skaffe deg som alle bidreg til sikkerhet i kajakken 🙂
1) Ei kvit enkel hue i bomull enten med rund ReigstadUnlimited logo eller kun med padledamen på. Heilt ny i februar 2021: 169 krfor hua med logo, 200 kr for hua med padledama.
2) Padlevotter med fantastisk grip, vind -og vanntatte og som er veldig holdbare (har mine på 5. året no), med Padledamelogoen til ReigstadUnlimited. Ny i februar 2021. 220 kr
3) Refleksvest med stor padledamelogo på ryggen samt ReigstadUnlimited logoen på brystet framme. Heile vesten er refleks og denne bruker vi utenpå padlevesten under mørke/skumringspadling. Den har eit flott design, er god å gå i pga elastisk i begge sider, og med denne kan du sjåast på 300 meters avstand! . Heilt ny i oktober 2020. Finnes i S, M , L og XL. 299 kr.

I tillegg til dette kan du prøvepadle og kjøpe superlette padleårer fra Aquabound her på Misje. Dette er årer med bøyd skaft i carbon med stilige forsterka glassfiberblad. Meir om dette i eigen post 🙂

Du kan nå kjøpe ReigstadUnlimited hue, padlevotter og refleksvest. Betaling via bedrifts- Vipps til ReigstadUnlimited- Send meg bestillinger til laila.reigstad@gmail.com så fikser vi det raskt! Frakt i Posten kjem i tillegg,



Fast spalte i magasinet Padling i 2021!

Kjenner du til magasinet Padling?

Det kjem ut 6 ganger i året, og kan kjøpast enten ved å være abonnent eller du kan kjøpe det i Narvesenkioskene.
Bladet omhandler alle sider ved det å padle og inneheld lassevis av inspirasjon. Padling er dessuten det einaste magasinet i Norge som eine og aleine omhandler padling og padleopplevelser, ein aktivitet som er i stadig sterk vekst, særlig i koronaåret 2020.
Med redaksjonell fokus på turer, testing av utstyr, tips, gjør-det-selv, og sikkerhet, vil du som padleinteressert finne mykje nyttig lesestoff i bladet.


Eg har tidlegare hatt to faste spalter i magasinet og har levert padleartiklar dit siden våren 2015. No i 2021 overtok eg den faste spalta «Verdt å vite», som gir deg ei oversikt over utstyr, bøker og dingser som er kjekke og ha og/eller nye på markedet innenfor kajakkpadling 🙂

Løp og kjøp når årets første magasin kjem no i februar! Eller gjer det enkelt å bestill det digitalt for kun 29 kr per mnd, no faktisk med 1 måned gratis.
Sjekk www.padlesiden.no

og følg gjerne #padlesiden på Instagram

Eg kan anbefale magasinet!

GRØNLANDSTUREN JULI 2020!

Så er den her, filmen frå årets 16-dagars padleferie på Grønland🇬🇱🇬🇱🇬🇱
Corona hindra ikkje oss, men interessant nok så var vi einaste gruppa som leigde kajakkar der denne koronasommaren.
Vi fekk ein heilt fantastisk tur med alt som grønlandsk villmark byr på ❤
Nytt av året var padling i drivis, som ein mulighet akkurat i år.
Filmen frå padleturen vår varer i 3.5 minutter og er mynta på

-deg som lurer på kva vi driver med på Grønland,
-deg som har lurt på å bli med,
-deg som har vore med på tidlegare turar og vil mimre litt,
-deg som allerede er booket inn til neste tur i juli 2021,
og såklart for deg som vil nyte villmarka heimifrå og forstå kvifor vi i padlemiljøet her på Misje snakkar mykje om padling på Grønland😂😂😂
God fornøyelse,
og om du vurderer å bli med så ta kontakt så får du høyre om alt det kjekke vi gjer sammen i forkant av sjølve Grønlandsturen ❤ Vi begynner allereie i februar 2021.

Klikk deg inn her for å sjå Grønlandsfilmen 2020!

Ein av mange FANTASTISKE teltleirer på Grønlandsturen i juli-august 2020!

NY REIGSTADUNLIMITED LOGO

Då landet vart koronastengt i mars 2020 var naturleg nok også all min padleaktivitet stengt ned. Nedstenginga varte i ni veker, men det var ikkje kjedeleg likevell.
Vil heller påstå at det vart tid til å være kreativ!

Naustet fekk nye veggar, innlagt straum og ny garderobe. I kjellaren heime vart fangsthytta mi laga slik at det vart system i både heimekontor og alt friluftsutstyret!

Og så kom inspirasjonen om å lage ein ny logo til ReigstadUnlimited.
Den skulle være feminin, vise padleglede og være enkel i designet!


Her ser du kva det endte opp med!
Og veldig morsomt var tilbakemeldingane, frå padlere versus folk som ikkje padler!
Dei som padler såg straks at dama i logoen har spruttrekk på (du veit det som dekker sittebrønnen når du padler), mens dei som ikkje padler lurte på kvifor dama gjekk i kjole 🙂
Velg din teori 🙂

Logoen finnes i dag trykt på både t-skjorter, refleksvester, klistremerker og huer 🙂

Kor mørkt er mørke?!

VI her på Misje har mørkepadling i kajakk to gongar i veka heile den mørke høst og vinteren 🙂 Å padle i mørket er annerledes, det er stillare, lydane dunklare, holmene virkar lavere og lengre vekke, og ein legger merke til livet i havet på ein heilt annan måte fordi ein sitter med ei god hodelykt og då dukker det opp blandt anna fluroiserande glassmaneter og fiskestimar som står over sandbotnen!
Og med få lykter i området og nesten ikkje bebyggelse å orientere seg etter, så oppdager ein kor mørkt mørke eigentleg er 🙂

Sist veke hadde vi med fleire personer som ikkje hadde padla i mørket før. Dei vart veldig begeistra og den eine av dei, Liv Strømme, kjørte rett heim og skreiv følgande i nettavisa for Sotra og Øygarden no i oktober! Takk for besøket og at du deler opplevelsen, Liv!

Kanopadling i høstferien!

Det regna og blas, men det var kjempekjekt å arrangere kanopadling, skattejakt fra kano, mat rundt bålet i lavvoen og fiskedisseksjon sammen med Marianne Lindgren på Kystmuseet i Øygarden! Dette må jo bare bli ein tradisjon i høstferien (og andre feriar for den del)! Sportye og dyktige barn 🙂

Havgapet Padlefestival 1-3. mai 2020!

Etter årets veldig gode oppleving med å arrangere verdens første Havgapet Padlefestival her i Øygarden vest for Bergen i mai 2019, så har vi tenkt å prøve oss igjen i 1.mai-helga i 2020.
Ekstra puff fekk vi av å lese festivaldeltaker Monica Grundersen sin artikkel om festivalen i dag. Den kan også du lese her!

Tusen takk for fine ord, Monica!

Sprudlende deltakere på Havgapet Padlefestival i mai 2019!

Påmelding til Onsdagskarusellen i oktober er no opna!

KVA ER ONSDAGSKARUSELLEN I KAJAKK?
Bli med på 5 sosiale, lærerike og varierte padleturar her ved Misje!
I tillegg til å padle i dagslys, skumring og mørke (med lykter), samles vi rundt bål på svaberget, baker på stormkjøkkenet, plukker tang og tilbereder, orienterer oss etter sjøkartet, og har redningsøvelser!

Datoar:
2, 9, 16, 24. og 30. oktober.
NB! 24. oktober er ein TORSDAG!

Innhold:

Vi møtes i naustet på Misje kl 17-17.15 og avslutter samme plass kl 21.15. Arrangementet varer altså i fire timer, og vi er i kajakken i cirka 3 av desse.
Turane blir lagt opp etter været, antal padlere og padleerfaringa i gruppa. Vanlegvis padler vi 9-10 km.

Dei fem turane vil alle være ulike med tanke på padlerute og kva sprell vi finner på.

Deltakerkrav:
-Du må ha Våttkortet til Norges Padleforbund, enten frå Introkurset eller Grunnkurset.
-Du trenger ikkje ha eigen kajakk eller tørrdrakt, dette kan du leige her på Misje.
-Du må ha med to lykter: ei god hodelykt, helst 1000 lumen eller meir, samt ei lykt til å montere bakpå kajakken slik at vi også synes bakifrå. Ingen lykter, ingen tur, for her ute er det MØRKT utan lysene frå ein bydel eller motorveg å orientere seg etter 😉 Og like viktig er at vi MÅ synes godt for fiskebåtane her ute.

Inkludert i deltakeravgifta på 1250 kr:

I FORKANT AV TUREN:
1) Informasjonsbrev om karusellpadlinga på epost.
2) Oppdatering på værmelding og padlerute i lukka FB-gruppe.

UNDERVEGS:
3) Fem varierte padleturar (kl 17.15-21.15),
4) Turene er ledet av erfaren, lokalkjendt, og sertifisert kajakkinstruktør (NOrges Padleforbund),
5) Padleteknikk og personleg rettleiing undervegs på turane,
6) Servering av diverse varm drikke på kvar tur,
7) Øve på redning etter velt,
8) Både oppmøte og avslutning i naust med toalett og varmeovn,
9) Prøve ulike kajakkar og ulike årer. Finn dine favoritter!
10) Eit inkluderande og blidt fellesskap med nye venner!

ETTER TUREN:
11) Bilder fra turane til fri bruk!

BONUS: Det følger ein krabbefest med på kjøpet, fredag 4. oktober, sammen med dei andre som er på karusellpadlinga!!!

Kajakk og utstyr:
Har du ikkje utstyr fra før så kan du låne dette her.
200 kroner for leige av kajakk inkl åre og vest.
200 kroner for lån av tørrdrakt inkl padlesko.
Meld fra ved påmelding om du treng å låne kajakk og/eller drakt slik at eg får reservert utstyret til deg.

Informasjon i forkant av turane:
Alle deltakere vil få informasjon om turen og forventa værmelding i forkant av padledagen. Det skjer via ei lukka FB-gruppe kun for oss som deltar i denne karusellrunden. Her kjem informasjon om vær, padlerute, spesielle aktiviteter denne padledagen, bilder fra turane etc. Dersom det blir for mykje vind til å padle utsetter vi turen denne dagen. Vanlegvis vert turen utsett til onsdagen etterfølgande dei fem oppsette turane evt ei padling i dagslys i helg. Vi rår ikkje over været, men håper alltid på ein varm solrik seinhaust!
Sola går ned litt ca 19.30 no dei første gongane, og i slutten av månaden sånn kl 18.30. Det betyr at vi alltid vil starte ut i dagslys, og ende opp med mørkepadling med lykter på veg til naustet igjen.

Påmelding:
Påmeldinga er bindande. Du melder deg på til alle fem karusellturane, det er ikkje mogeleg å melde seg på enkeltdager. Det betyr at du på forhånd melder deg på fem turer og registrerer kva du vil leige av utstyr på desse fem turane. Dersom du ikkje kan møte på nokre av turene, tilbakebetalast ikkje deltakeravgift eller utstyrsleige då plassen og utstyret er reservert nettopp til deg.
Du melder deg på til laila.reigstad@gmail.com
Kjører først-til-mølla-påmelding så hiv deg rundt og sjekk kalenderen 😊

Oppmøte:
Kl 17 i naust på Misje, ca 45 min kjøring frå Bergen sentrum i rushet.
Detaljert informasjon om oppmøte, bekledning, parkering etc sendast ut når du er påmeldt.

Energigivande friluftsliv på ein heilt vanleg onsdag ettermiddag/kveld…. 🙂

Arrangør:
ReigstadUnlimited (Org nr 917237670) ved dagleg leiar Laila Johanne Reigstad; PhD, turguide og NPF Aktivitetsleiar/ sertifisert padleinstuktør.