EIN TUR FOR LIVET!
Kvar sommar kan du bli med meg på 10-12 dagers padletur i Sør-Grønland!
Turene går i juli-august, altså i den korte arktiske sommaren.
Desse heilt spesielle dagane får du oppleve grønlandsk villmark både i kajakken og til fots, kryssing av isfylte fjordar, sjå restar etter vikingane som var der for over 1000 år sidan, restar etter inuittbustadar heilt tilbake til år 1300, fottur opp til Innlandsisen, møte med dagens inuittar, møte med ein munter og sjølvreflekterande sjaman, isfjell i solnedgang, høste eigen mat fra naturen, bade mellom isfjell, besøke Eirik Raudes heimplass Brattalid, to båtturer, nyte lokalmat som moskus, reinsdyr, lam og kval, rikholdig frukost inkludert nybakt brød, varm lunsj kvar dag, og to-retters middag kvar dag, alt akkompagnert av den grønlandske høgsommaren som byr på ei fantastisk blomsterprakt og berre ¼-del av det regnet Bergen får i juli! Og husk, inne i denne Grønlandsekspedisjonen ligg det også 4 samlinger og god stemning både før og etter vi er på Grønland!
Eg har padla her sidan 2015 og er veldig godt kjent. Ingen av turane er dei like, da eg ikkje liker copy-paste og fordi at det er så mange fantastiske plasser å besøke i dette området!
Grønlandsturen 2021 er fullbooket.
Under kan du sjå bilder frå Grønlandspadlinga,
og her er link til Grønlandsfilmen frå juli 2020
NYT!








