Grønland

Kvar sommar arrangerer og guider eg 10-14-dagers padleturer i Sør-Grønland.
Ingrediensane er kajakk, telt, villmark, fjellsko, lokalmat, inuitter før og no, tidsvindu tilbake til vikingane, høste frå naturen, samtaler med ein sjaman, to museumsbesøk, og uante ganger bading mellom isfjell!
Ingen av turane er dei like, da eg ikkje liker copy-paste og fordi at det er så mange fantastiske plasser å besøke i dette området!

Nå i 2021 går turen i august.
Vi har 4 padlesamlingar i forkant av turen så når vi møtes til avreise på flyplassen så er vi ein vennegjeng allerede og du slipper å bruke halve tida på Grønland berre til å lære deg navnene på dei andre deltakarane 😉 Vi blir godt kjent før vi drar!
Du må ha Våttkort fra Grunnkurset til Norges Padleforbund, samt ha deltatt på padlesamlingene for å kunne bli med til Grønland.
Her kan du kikke på Grønlandsturen 2019, og Grønlandsturen 2020, så ser du kor fantastisk denne villmarka er!
Og under menyen «Mat på tur» så ser du litt av det vi spiser på Grønland!

Høgsommer i Arktis!
Okei, så legg eg ved ein selfie her 😉
Ingen stiar, ingen søppel, ingen skilt, ingen andre padlere enn vår gjeng…
Ingen filter… sånn er Grønland!
Kan ein få ein meir eksklusiv dusj?
Du treng: stranda isfjell, isskrue, og utedusj (den har eg med)!
I år 982 rodde Eirik Raude inn akkurat her!
Han døpte fjorden Eririksfjord, etter seg sjølv!