Introkurs i kajakk (4 timer)

Introduksjonskurset i kajakk er satt opp av Norges Padleforbund og går over 4 timer. Du får Våttkortet etter endt kurs.
Introkurset er for deg som enten vil begynne å padle eller som vil friske opp gammal padlekunnskap! Du trenger aldri å ha sittet i ein kajakk før for å ta kurset, så her har du muligheten til å starte på ein aktivitet du kan drive med heile året og heile livet 🙂

Eg har stabile havkajakkar, tørrdrakt, padlesko og hanskar liggande klart til deg så du kan komme (nesten) som du er 😉 I tillegg blir det servering av varm drikke og forfriskningar undervegs på kurset!

Dette er introduksjonskurset til Norges Padleforbund så du får Våttkortet etter endt kurs.

Inkludert i deltakeravgifta (1100 kr/pers) er:
Våttkortet frå Norges Padleforbund (verdi kr 100) rett i handa
Lån av kajakk med fullt utstyr
Lån av tørrdrakt og padlesko
Personleg oppfølging under kurset
BILDER FRA KURSET til fri bruk
Varm drikke og forfriskningar under kurset
Sosial timer med masse latter!
Sertifisert og erfaren kajakkinstruktør

På dette 4 timers Introkurset i kajakk lærer du følgende:

Løfte, bære og sjøsette kajakk.
Sittestilling og korleis du holder åra
Grunnleggande padleteknikk
Stoppe/Unnamanøvrere
Effektiv svinging av kajakken vha ror, åre og kroppen
Bakoverpadling.
Velte med vilje.
Bli reddet av ein padlepartner.
Redde ein padlepartner.
Redde deg sjølv.
Ilandstigning.
Kryssing av skipsled.
Innføring i korleis ein kan auke sikkerheten ved padling.
Kva som er lurt å ha med på korte padleturer.
Kjennskap til lokale padleforhold.

Påmelding:
Meld deg på til meg på laila.reigstad@gmail.com eller send meg ei melding her på sida. Bindande påmelding.

Kurset er mynta på voksne og ungdom over 12 år.

Eg er utdanna aktivitetsleder i havkajakk innanfor Norges Padleforbund, og holder både Introkurs (4t) og Grunnkurs (16t) i havkajakk heile året.
Med Våttkortet i hånda kan du:
-leige kajakkar rundt omkring i landet,
-være med på dei to populære padlekarusellane om mandagane eller onsdagane her hos meg på Misje!
-være med på mine korte- og lange kajakkturer, vinterpadling, og helgearrangement.

Velkommen til ein hyggeleg og lærerik dag vest i havet!

NB! Informasjon om naust-lokaliteten på Misje, påkledning, bevertning og parkering vert sendt til deg etter påmelding 🙂