Mat på padletur er så mykje meir enn tomatsuppe, polarbrød og pølser!
Her har du eit knippe av mine favorittar, som eg lager på svaberget undervegs på padleturen!


Nysteikte hjorte-kjøttboller med sjalottløk…..
Tomater fyllt med mozarella og heilt nykutta basilikum…..
….kan du kjenne kor godt ein buffet på svaberget dufter?

Er du inuit og har bursdag om sommaren kan det godt hende at familiens eldste plukker ein bærepose med blåklokker, blander dei med vatn og litt sitron og trekker det i 10-15 minutt.
Vi lagde dette til dessert på Grønland i sommar. Suppa vart indigo-farga, som ingen tidlegare suppe vi har sett. Vil anbefale å ha mindre sitron i enn 3 sneier, da denne syra tok litt av den gode, søte blåklokkesmaken!
Lykken er å høste sin eigen dessert i villmarka!

Smelt smør i steikepanna, legg opp i finhakka kvitløk og raud chilli. Legg dei vaska blåskjellene oppi og vend på dei etterkvart. Blåskjella åpner seg etter kor tid. Tøm fløyte rett over på dei og la det småkoke i 5 minutt.
Dette er verdens beste forrett på padleturen, intet mindre!

Steik grønne asparges til dei er al dente,
dryss ferdigsteikt bacon over og vend til det er varmt,
strø over granatepler
og tøm på fløyte.
Når fløyten bobler sneier du over parmesanost….
og VIPPS er måltidet på svaberget løftet ein god del hakk opp i frå tomatsuppe med makaroni 😉


