NY REIGSTADUNLIMITED LOGO

Då landet vart koronastengt i mars 2020 var naturleg nok også all min padleaktivitet stengt ned. Nedstenginga varte i ni veker, men det var ikkje kjedeleg likevell.
Vil heller påstå at det vart tid til å være kreativ!

Naustet fekk nye veggar, innlagt straum og ny garderobe. I kjellaren heime vart fangsthytta mi laga slik at det vart system i både heimekontor og alt friluftsutstyret!

Og så kom inspirasjonen om å lage ein ny logo til ReigstadUnlimited.
Den skulle være feminin, vise padleglede og være enkel i designet!


Her ser du kva det endte opp med!
Og veldig morsomt var tilbakemeldingane, frå padlere versus folk som ikkje padler!
Dei som padler såg straks at dama i logoen har spruttrekk på (du veit det som dekker sittebrønnen når du padler), mens dei som ikkje padler lurte på kvifor dama gjekk i kjole 🙂
Velg din teori 🙂

Logoen finnes i dag trykt på både t-skjorter, refleksvester, klistremerker og huer 🙂