Påmelding til Onsdagskarusellen i oktober er no opna!

KVA ER ONSDAGSKARUSELLEN I KAJAKK?
Bli med på 5 sosiale, lærerike og varierte padleturar her ved Misje!
I tillegg til å padle i dagslys, skumring og mørke (med lykter), samles vi rundt bål på svaberget, baker på stormkjøkkenet, plukker tang og tilbereder, orienterer oss etter sjøkartet, og har redningsøvelser!

Datoar:
2, 9, 16, 24. og 30. oktober.
NB! 24. oktober er ein TORSDAG!

Innhold:

Vi møtes i naustet på Misje kl 17-17.15 og avslutter samme plass kl 21.15. Arrangementet varer altså i fire timer, og vi er i kajakken i cirka 3 av desse.
Turane blir lagt opp etter været, antal padlere og padleerfaringa i gruppa. Vanlegvis padler vi 9-10 km.

Dei fem turane vil alle være ulike med tanke på padlerute og kva sprell vi finner på.

Deltakerkrav:
-Du må ha Våttkortet til Norges Padleforbund, enten frå Introkurset eller Grunnkurset.
-Du trenger ikkje ha eigen kajakk eller tørrdrakt, dette kan du leige her på Misje.
-Du må ha med to lykter: ei god hodelykt, helst 1000 lumen eller meir, samt ei lykt til å montere bakpå kajakken slik at vi også synes bakifrå. Ingen lykter, ingen tur, for her ute er det MØRKT utan lysene frå ein bydel eller motorveg å orientere seg etter 😉 Og like viktig er at vi MÅ synes godt for fiskebåtane her ute.

Inkludert i deltakeravgifta på 1250 kr:

I FORKANT AV TUREN:
1) Informasjonsbrev om karusellpadlinga på epost.
2) Oppdatering på værmelding og padlerute i lukka FB-gruppe.

UNDERVEGS:
3) Fem varierte padleturar (kl 17.15-21.15),
4) Turene er ledet av erfaren, lokalkjendt, og sertifisert kajakkinstruktør (NOrges Padleforbund),
5) Padleteknikk og personleg rettleiing undervegs på turane,
6) Servering av diverse varm drikke på kvar tur,
7) Øve på redning etter velt,
8) Både oppmøte og avslutning i naust med toalett og varmeovn,
9) Prøve ulike kajakkar og ulike årer. Finn dine favoritter!
10) Eit inkluderande og blidt fellesskap med nye venner!

ETTER TUREN:
11) Bilder fra turane til fri bruk!

BONUS: Det følger ein krabbefest med på kjøpet, fredag 4. oktober, sammen med dei andre som er på karusellpadlinga!!!

Kajakk og utstyr:
Har du ikkje utstyr fra før så kan du låne dette her.
200 kroner for leige av kajakk inkl åre og vest.
200 kroner for lån av tørrdrakt inkl padlesko.
Meld fra ved påmelding om du treng å låne kajakk og/eller drakt slik at eg får reservert utstyret til deg.

Informasjon i forkant av turane:
Alle deltakere vil få informasjon om turen og forventa værmelding i forkant av padledagen. Det skjer via ei lukka FB-gruppe kun for oss som deltar i denne karusellrunden. Her kjem informasjon om vær, padlerute, spesielle aktiviteter denne padledagen, bilder fra turane etc. Dersom det blir for mykje vind til å padle utsetter vi turen denne dagen. Vanlegvis vert turen utsett til onsdagen etterfølgande dei fem oppsette turane evt ei padling i dagslys i helg. Vi rår ikkje over været, men håper alltid på ein varm solrik seinhaust!
Sola går ned litt ca 19.30 no dei første gongane, og i slutten av månaden sånn kl 18.30. Det betyr at vi alltid vil starte ut i dagslys, og ende opp med mørkepadling med lykter på veg til naustet igjen.

Påmelding:
Påmeldinga er bindande. Du melder deg på til alle fem karusellturane, det er ikkje mogeleg å melde seg på enkeltdager. Det betyr at du på forhånd melder deg på fem turer og registrerer kva du vil leige av utstyr på desse fem turane. Dersom du ikkje kan møte på nokre av turene, tilbakebetalast ikkje deltakeravgift eller utstyrsleige då plassen og utstyret er reservert nettopp til deg.
Du melder deg på til laila.reigstad@gmail.com
Kjører først-til-mølla-påmelding så hiv deg rundt og sjekk kalenderen 😊

Oppmøte:
Kl 17 i naust på Misje, ca 45 min kjøring frå Bergen sentrum i rushet.
Detaljert informasjon om oppmøte, bekledning, parkering etc sendast ut når du er påmeldt.

Energigivande friluftsliv på ein heilt vanleg onsdag ettermiddag/kveld…. 🙂

Arrangør:
ReigstadUnlimited (Org nr 917237670) ved dagleg leiar Laila Johanne Reigstad; PhD, turguide og NPF Aktivitetsleiar/ sertifisert padleinstuktør.