TYSNES RUNDT i kajakk 19-21. februar 2021!

Oi som vi gleder oss!
Dette er årets vintertur i kajakk! Uten tvil!
Vi er ti glade padlere som skal padle dei ca 75 km rundt Tysnes frå fredag 19. februar til søndag ettermidag 21. februar.

Etter dei vekene vi har hatt med skikkelig kaldt vintervær her ved kysten, faktisk ned mot 15 minus i Godøysund nord på Tysnes, så vert det telting på snø! Ikkje akkurat det vi tenkte på da vi bestemte oss for dato i desember 🙂 Men så kjekt og stiligt det blir med vår eigen teltleir med 10 telt

Vi starter frå området ved Årbakka fredag, padler nordover slik at vi kjenner nøyaktig tidevannssyklus og har dagslys når vi skal gjennom det straumfulle Lukksundet. Første natt blir i Godøysundområdet.
Lørdag blir ein lang dag da over 30 km skal tilbakeleggast inkludert kulturstopp, kryssing av skipsleia ved Våge, markering i det vi runder Tysnes sitt nordlegaste punkt, nytelse gjennom Bårdsundet og forhåpentlegvis ikkje motvind i Langenuen ned mpt Neshamn.
Teltleir nummer to bli i Neshamn. Her venter mat, bål, boller og hygge inntil vi sovner i soveposene 🙂
Søndag går turen videre mot det sørlegaste punktet på Tysnes, kryssing av ei ny fergestrekning, før vi entrar flotte Flakkavågen og etterkvart kan starte på siste del av dagens drøye 27 km, nemleg sjarmøretappen mot startpunktet ved Årbakkaområdet.
Vi regner med det blir både endorfiner og adrenalin i blodet, pluss ein del jubel og sjølvskryt når vi kjem i land søndag ca kl 17 🙂

Du kan følge oss undervegs på Facebooksida ReigstadUnlimited, samt sjå bilder der, og på Instagramsidene til ReigstadUnlimited. Og om du vil heie på oss undervegs så er det berre å møte opp, det vil vi sette umåteleg pris på <3
I tillegg vil avisa Tysnesbladet følge turen, og der kan du lese om våre tankar om turen nokre veker før vi padla ut, og korleis det faktisk vart å gjere Tysnes Rundt til ein skikkeleg vintertur i kajakk!

Vi som arrangerer er daglig leder og sertifisert padleinstruktør Laila Reigstad i friluftsforetaket ReigstadUnlimited med base på Misje i Øygarden, og med hytte i Godøysund, samt Wenche Strømme som via foretaket Erleholmen Fauna driv skjærgårdsleirer fra si hytte på Erleholmen ved Solstråleøya på Tysnes. og er aktiv i turlaget. Sistnevnte har også rodd Tysnes Rundt i robåt!


Vi gleder oss til å padle langt og kaldt!

Her kan du sjå nokre vinterbilder fra første veka i februar, då vi testpadla straumen i Lukksundet. Tysnes leverer til lands og til vanns, sommar som vinter!

Lukksundet sett frå nord mot sør. Her har du Tysnes til høgre og Fusa/Samnanger til venstre.
Rein magi å palde i vinterkledde Tysnes! Her Sundavika nord for Lukksundet.
Her snakker vi vinterpadling 🙂
Turlederne for Tysnes Rundt i kajakk, Laila Reigstad (venstre) og Wenche Strømme!