Nå i 2022 starter vi på vår 7ende sesong der vi har kajakkurs, padleturer, og kajakkablegøyer.
Rundt 350 personer tar Våttkortet her årlig og rundt 200 personer er med på padleturer, både i inn- og utland!
Du er herved invitert med du også!

Mitt friluftsforetak ReigstadUnlimited fokuserer på kajakkpadling og det friluftslivet og dei aktivitetane som padlinga kan gi. Kajakkpadling er jo så mykje meir enn å sitte på baken og dra i ei åre! Vi snakker alt frå rekreasjon, nye venner og naturopplevelser til trening, matauk og indre fred!
Navnet Unlimited kom naturleg da eg i 2015 slutta som forskar ved Universitetet i Bergen etter 21 år og med doktorgrad innen molekylærbiologi. Forskerkontrakten min gikk ut og eg tenkte å ta 6 måneder fri og bare padle på Grønland, i alle fjordene på Vestlandet, rundt ein masse øyer og padle med kval i NordNorge. Eg hadde ikkje heilt bestemt med for kva eg skulle gjere. Mulighetene var grenseløse, og dermed blei ReigstadUnlimited (Org. nr. 917237670) født!
Eg dro ikkje tilbake til akademia etter 6 måneder 🙂
No lever eg fulltid av kajakkpadling, på heilårsbasis, og stortrives med det!
Heile året holder eg Norges Padleforbunds Intro- og Grunnkurs i kajakk ,
eg har padlekaruseller i vekedagene,
har halv- og heildags arrangementer i kajakk,
har bursdagpadling, firmapadling, familiepadling og high-end turister,
og kvar sommar arrangerer og guider eg 9-10-dagers padleturer på Grønland.
Foruten dette er eg redaktør for magasinet Padling og www.padlesiden.no.
Basen min er på Misje i Øygarden, altså øyriket 40 minutters kjøring vest for Bergen!
Her på sidene kan du kikke bilder og video frå allskens kajakkablegøyer, sjå oversikt over dei neste padlearrangementene og forhåpentlegvis bli inspirert til å komme deg ut i kajakk og nyte det stille friluftsliv!

Om meg
Eg har alltid vore glad i å vere ute i naturen og har gått på fjellturar, sove i telt, fiska og gått lange jaktturar i heile oppveksten. Etterkvart begynte eg også å klatre i fjell, fossar og på brear, men først i 2002 tok eg mine første seriøse padletak i kajakk!
Og for ein plass å starte padlekarriæra! Turen gjekk nemleg ut fjorden frå Longyearbyen på Svalbard med rifle på kajakkdekket og mat til fleire dagars kajakkekspedisjon!
Siden den gang har padlelysten blomstra såpass at då forskarkontrakta mi ved Universitetet i Bergen slutta i 2015, og etter 21 år i akademia, tenkte eg at det kunne vore gøy å tatt padlinga litt lengre.
I eit års tid var eg freelancskribent innan friluftsliv, med mykje fokus på padling of friluftsliv. I 2016 vart eg sertifisert kajakkinstuktør/aktivitetsleder innan Norges Padleforbund og starta då opp med å holde Padleforbundets 4-timers Introkurs og 16-timers Grunnkurs for havkajakk.
Siden den tid har nesten 1400 personer tatt Våttkortet på kurs hos meg.
Basen for ReigstadUnlimited er naustet mitt på Misje i Øygarden kommune, vest for Bergen, eit padleparadis for oss som både vil padle mellom holmer og skjær, og som vil kjenne på havdønningene i ope hav i Nordsjøen, sjå sola gå ned i havet, eller padle i straum mellom smale sund.
Fra naustet har eg padlekarusellar i vekadagene året rundt, der vi er 20 personer som padler sammen i 4 timer enten om mandagene eller onsdagene. I tillegg til padling har vi bål, øver redning, jobber med kartnavigering, høster tare, fisker fra kajakken, og bader på desse karusellpadlingene. Deiligt med friluftsliv midt i veka!
Om sommaren går turen til Grønland for 9-10-dagers padleturer der hovedingrediensene er kajakk, telt, lokalmat, vikingebuplasser, inuitter før og no, fottur opp til Innlandsisen, høsting frå naturen og bading mellom isfjell! Her kan du sjå ein 3-minutters film fra Grønlandsturen i koronaåret 2020!
Ei indre og ei ytre reise, rett og slett!
Nå i 2022 blir det to turer til Grønland, begge i juli når det er høgsommer i Arktis!

Sidan januar 2019 har eg vore ambassadør på Pro Staff Teamet til den amerikanske padleåreprodusenten Aqua-Bound, og du kan prøve og kjøpe desse superlette, bentshaft padleårene med carbon- eller glassfiberblad her på Misje.
Velkommen til mine websider, her finn du oppdaterte filmar, bilder, kajakkablegøyer, og informasjon om kurs og turer i nær framtid!
Ta gjerne kontakt, du når meg på
Epost: laila.reigstad@gmail.com
Mobil: 90041881
Facebook:
ReigstadUnlimited
og Laila Johanne Reigstad
Instagram: ReigstadUnlimited
Web: www.reigstadunlimited.no